Baker Hansen - Chet Baker på norsk
Chet Baker si stemme og trompet definerte cooljazzen. Men korleis let forteljingane hans på vårt eige morsmål? Baker Hansen har sidan 2010 leita etter svaret på dette i språk og samspel, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Jazzklassikarane er tidlause og velkjente, men teksten er gjendikta og historiane omarbeidd til vårt eige mål i vår eiga tid, framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Når språket er vårt eige,
får musikken høve til å komme nærare på lyttaren - og livet og leiken i det velspelande jazzensemble lyfter fram kvifor denne musikken har ein særstilling i mange jazz-hjerter.
Det nye albumet Ein song som liknar oss kjem i september 2024 med heilt nye gjendiktingar av klassikarar som “Autumn Leaves” (med tekst av Sylfest Lomheim), “The Night We Called It A Day” og “Do It The Hard Way”.
Baker Hansen har frå før gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019), og turnert landet rundt på fleire hundre konsertar sidan 2010.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter refunderes ikke.